Hytta er stengt for sesongen. Vegen er og vi terstengt. Opnar mai 2024

TIL GALDHØPIGGEN 2469MOH

-
Sesong frå 1. juni til 15. september


Alle billettar må førehandsbestillast i 2024. Turane kan bli fullbooka, da vi har begrensa med plassar. I lågsesong må vi ha minimum 5 påmeldte deltagarar for at turen blir gjenomført, me tek kontakt dagen før om turen ikkje skulle bli noko av.

Merk deg at turen til Galdhøpiggen er bindande. Me refunderar ikkje kjøpte billettar og dagen du bestiller er bindande.
Me anbefalar at du har gyldig forsikring om du skulle ombestemme deg.
Juvasshytta sel ikkje dette.

Du kan bestille billett til tur kl 10.00 her https://booking.visbook.com/52...

Tidspunkt føringsturar til Galdhøpiggen
10.00 For alle 1. juni - 15. september

Pris:
Vaksen (f.o.m. 15 år): kr. 400,-
Born (aldersgrense 7 år): 380,-

Turbeskrivelse

Turen startar frå klatreveggen på vestsida av hovudhuset på Juvasshytta, ved informasjonstavlane. Har du bestilt billettar, er det oppmøte ute ved informasdjonstavla 30 min før avgangstidspunkt, her blir det gjennomført billettsjekk. I høgsesong (fellesferien) kan det verta fullt på turane.

  • Det blir gjeve felles informasjon.
  • Seler blir utdelt og tilpassa den enkelte.
  • Born brukar kroppssele, og desse krev litt meir justering. Guidane organiserer dette.
  • Ved behov blir også brodder utdelt.

Fyrste etappe av turen går inn til brekanten. Etappa går i slak stigning i omtrent 2,8km. Fyrste pause er berekna å vere ved brekanten. Det er naudsynt at deltakarane på turen tilpassar seg dette, og ikkje tek eigne pauser over lengre tid før brekanten. Alle bør ha litt mat i magen før turen startar og drikke lett tilgjengeleg. Juster bekledning når du har gått deg varm, og få i deg litt drikke.

Turen til brekanten tek i underkant av en time.Dersom deltakarane bruker for lang tid (ca 1,5 time eller meir) inn til brekanten, kan breføraren av hensyntil resten av gruppa og eigen tryggleik be deg å avbryte turen.Ved brekanten blir fyrste pause. Det er lurt å tenkje over kor mykje klede du skal ha på over breen. Detblir ikkje moglegheit til å justere dette under etappa over breen.

Alle får informasjon og grunnleggjande informasjon om brevandring.

  • Stramt taug over brean mellom deltakarane er viktig.
  • Dei som ynskjer å gå i same taulag, vener og familie, passar sjølv på at dei stiller opp samla vedtauga.
  • Ta spesielt omsyn til familiar her slik at born ikkje må gå åleine!

Det er livsfarlig å krysse brean åleine uten taug, utstyr og kompetanse. Det er snø som dekker sprekkane slik at ein ikkje ser dei, og vi kan oppleve gjennomslag. Brean er fra gamalt av kalt Styggebreen, ikke fordi den er stygg.
Stygg betyr farleg på folkemunne.

Turen over brean omlag ca 50 min. Deretter er deltakarane kome opp i Piggura. Her løyser deltakaraneseg, på beskjed fra breførar, ut av tauga og tek ei kort pause her. Den brattaste delen av turenstartar no.

I løpet av 30 minutt til ein time er dei fleste kome opp.

Det blir ei god pause på toppen, hugs og gå inn i hytta å helse på Piggeverten.

Breførarane har avtalt møtetidspunkt enten på toppen, eller attende ved tauga. Fylgde desse og beregngjerne litt ekstra tid ned att. Viktig!

Førarane vi bruker har fleire år med røynsle i høve føring både på Galdhøpiggen og andre fjell og brear. Dei er opptekne av tryggleik og at turen skal vera ei god oppleving for deltakarane. Deltakarane er sjølve ansvarlege for å få med seg informasjon og instruksar fra førarane. Desto betre budd deltakarane er på turen, dess betre oppleving vert turen!

Nokon treng lengre tid enn andre, vis respekt for dette. Er vêret dårleg går alle samla opp og ned.Det er stas å kome på Galdhøpiggen. Sjølv om sikt og vêr ikkje har vore på topp er folk tilfredsemed å ha nådd eit mål. Vi vil gjerne at turen i seg sjølv er eit mål.



Prisar

Voksene

400,-

Born

380,-

Kommende turar

VÅR / HAUSTSESONG

-Shell wear (top and bottom)

or light, breathing outerwear.

Waterproof and wind resistant.

-Woolen inner layer.

-Mellomlag, fleece eller liknande

-Ullvottar under skal vottar

-Varm jakke som dun eller likandne til å ha på over ved pausar o.l.

- Fjellsko *kan leigast om behov

-Gamasjar

-Varm huve pluss ekstra

-Ullsokkar pluss ekstra skift sokkar

SOMMERSESONG

Same type klede som vår/haust
I tillegg

-T-shirt, gjerne ull

-Tynnare vottar/hanskar

-Panneband

Sekken

• Dagstursekk (15-25 l)

• Drikke, min. 2 liter

• Liten termos

• matpakke

• Solkrem og solbriller —

med høg faktor

• Sunblock for lepper, nase og øyrer

• ta gjerne med eigen sele og broddar om du har. Me har til alle

• enkelt fyrstehjelpsutstyr

-Førarane er godt utstyrt, menfylgjande kan løne seg å ha med sjølv:

-compeed/ gnagsårplaster

- sår rens

• kamera/telefon med fullada batteri

• Snacks: sjokolade, rosin,

kjeks

Gravid

Om du er gravid, bør du prate med lege før du går på turen. Er du meir enn 6 måneder gravid, anbefalar me ikkje at du går på turen i det hele tatt. Hvis du likevel velger å gå, er det på eiga risiko.

Hund

Hvis hunden din er vant til å gå på tur, bør denne turen være grei. Me anbefalar ikkje å ta med veldig små hundar eller hunder som ikkje er vant til å gå turer i fjellet. Midt på sommaren anbefalar me ikkje at folk tar med hundene sine. Grunnen til dette er at det ikkje er mer snø på brean. På dette tidspunktet er isen meget skarp, noko som gjer det smertefullt for hundene å gå på. Det beste tidspunktet å ta med hunden din er tidleg eller seint på sesongen.